Thursday, November 30, 2006

Den framande Jesus

Innvandring og integrering stod på dagsorden på Kyrkjemøtet i november. Det er på tide, sidan Jesus sjølv var ein flyktning og ein innvandrar. Det passar også svært godt å ta dette opp i julenummeret av Løvstakksidene, sidan preiketeksten på juledag seier om Jesus at ”han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han”. For oss handlar jula om å ta imot Jesus. Det handlar ikkje berre å ta imot han med trua i hjarta. I dag kjem Jesus også til oss som den framande som bankar på kyrkjedøra

Løvstakksiden menighet er ein av dei kyrkjelydane som har opna dørene og tatt godt imot kristne frå andre kulturar. Innvandrarar er representerte både i staben og i soknerådet. For fem år sidan var Solheim og St. Markus, som det heitte den gongen, med og tok initiativ til å starta Bergen Internasjonale Menighet. Og i begge kyrkjene har kristne etniske kyrkjelydar og fellesskap fått lokale til å ha gudstenester på sine språk. På den måten viser me at kristne frå heile verda høyrer saman.

Kulturkollisjonar og misforståelsar er ikkje til å unngå når ulike kristne grupper skal dela kyrkjerommet. Når folk seier at det er store kulturforskjellar mellom Solheim og St. Markus, kor mykje vanskelegare er det ikkje då å forstå kvarandre når ein ikkje snakkar same språk ein gong? Det er då ein utfordring til oss alle å sjå Jesus i den framande. Det trur eg vil gjera det lettare for oss å strekka oss langt så me kan bera over med kvarandre i kjærleik.

Kyrkjemøtet sitt dokument ”Innvandring og integrering – Den norske kirkes rolle i et flerkulturelt samfunn” tar opp mange viktige ting, og det har mange konkrete utfordringar til kyrkja, med forslag til kva me kan gjera for å opna oss endå meir for kvarandre. Også kyrkjemøtet i fjor kom med ei liknande oppfordring: Kyrkjemøtet bad kyrkjelydane om å ”åpne gudstjenestefeiringen så den gir rom for ulike kulturuttrykk og legge til rette for praktisk deltagelse for alle mennesker, inkludert mennesker med ulik språklig og kulturell bakgrunn.”

Jesus var sjølv flyktning. Josef og Maria tok Jesusbarnet i all hast med seg frå Betlehem til Egypt, der dei fekk ”politisk asyl” til faren var over. Dagens kristne egyptarar føler at Jesus på denne måten velsigna Egypt på ein særskilt måte. Kan me her i Norge tenka på same måten når Jesu brør og søstre kjem til oss som flyktningar eller andre innvandrarar i dag? Sjølv føler eg det iallfall slik. Som prest i Bergen Internasjonale Menighet (BIM) blir eg velsigna på mange måtar av dei kristne frå heile verda som samlast til gudsteneste i St. Markus kyrkje.

På juledag har du høve til å oppleva ei festgudsteneste utanom det vanlege. I St Markus skal det vera fleirspråkleg festgudsteneste for å feira han som kom for å ta bustad mellom oss. Denne gudstenesta er eit samarbeid mellom BIM og Løvstakksiden menighet. Gudstenesta blir halden på fleire språk – både norsk, engelsk, kinesisk, koreansk og kanskje fleire også. Me skal synga julesongar frå fleire tradisjonar, og sikkert nokre av dei gode gamle norske også. Og mens me ventar på jul, ønsker eg deg ei god adventstid. Vel møtt til dei mange arrangementa både i Solheim og St Markus!

No comments: